Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Arbeid og aktivitet

Arbeid og aktivitet er ein del av Helseavdelinga i Øystre Slidre kommune, og har 3 ulike arbeids- og aktivitetstilbod:

Aktivitetshuset:

Dagsenter for funksjonshemma og har 6-8 faste brukarar. Tilbyr aktivitetar innan tekstilproduksjon og dyrking av sommarplanter. Held til i Vindevegen 5, Heggenes.

Vindestogo:

Dagaktivitetstilbod for heimebuande med demens, som har nytte og glede av aktivitetar saman med andre. Ligg på Vindevegen 5, Heggenes. Tilbyr transport, aktivitetar og sosialt samvær. Det vert servert to måltider om dagen. Tilbodet er ope alle kvardagar kl.09.00 - 15.00. Dei som ønskjer å nytte tilbodet sender ein søknad til systemkontoret. Meir informasjon om tilbodet og søknad finn du i brosjyrer "Velkomen til Vindestogo" i høgremenyen.

Skogprodukt: 

Tilbyr skogsarbeid, vedproduksjon og ulike transport- og serviceoppdrag. Har 8-10 faste brukarar. Base i Vindevegen 5, Heggenes. Vil i løpet av 2017 etablere ein sentral for utlån av frilufts- og fritidsutstyr i samarbeid med Frivilligsentralen, integreringskonsulenten og folkehelsekoordinator.

Avdelinga er organisert med leiar i 100% stilling. Leiaren har kontordag måndagar.

Adresse:
Øystre Slidre kommune
Arbeid og Aktivitet
2940 Heggenes

Kontaktinformasjon Arbeid og aktivitet
Kontaktinformasjon Arbeid og aktivitet
Tittel/funksjonNamnTelefon 
GruppeleiarTore Granli61 34 25 15Send e-post
---
Kontaktpersonar:
AktivitetshusetRønnaug Lien61 34 05 65Send e-post
VindestogoHeidi Ellingsen Sælid414 99 732Send e-post
SkogprogduktTore Granli61 34 25 15Send e-post
Mobiltelefon975 31 190
Sist endra 31.03.2017
Generell informasjon (1)
Eksterne lenker
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune