Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Aktivitetshuset

Aktivitetshuset er eit dagsenter for funksjonshemma, og var tidlegare lokalisert på Furustrand. Sommaren 2003 vart tilbodet flytta til det tidlegare kraftlagsbygget med innkøyring ved Sebu Bensin.

Aktivitetshuset har i lang tid vori ein viktig del av aktiviseringstilbodet i kommunen. Brukarane driv med tekstilproduksjon og veksthus-aktivitetar. Huset har eit eige utsal for strikkearbeid og andre tekstilprodukt. Det er stor skilnad på alder og funksjonsnivå. Aktivitetshuset er ope 5 dagar i veka og har 9 faste brukarar.

Hovudmål:

Aktivitetshuset skal vere eit dagsenter som gjev akivitetstilbod til menneske med funksjonshemming. Aktivitetane er knytt mot tekstilproduksjon men skal utviklast vidare, til dømes produksjon av planter. Produkta skal seljast med ei forteneste. Vi skal gjennom eit strukturert miljø gje brukarane tryggleik, trivsel og faste rammer. Oppgåvene skal leggast til rette slik at kvar einskild brukar kan meistre dei utifrå sine eigne ressursar.

Aktivitetar

  • Veving
  • Maskinstrikking
  • Saum
  • Montering
  • Veksthus-aktivitetar og plantesal

Kontakt oss på tlf. 61 34 05 65 eller stikk innom utsalet på Vindevegen 5.



Sist endra 17.12.2012
Generell informasjon (1)
Eksterne lenker
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune