Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Vaksenopplæring

Vaksenopplæring omfattar all undervisning for vaksne; psykisk utviklingshemma, innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar og vaksne med rettar. Det blir arrangert kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege vaksne.

Vaksenopplæring kan vere eksamensretta kurs i grunnskulefag eller opplæring til vaksne som etter sakkyndig vurdering fra PPT har særlege behov for spesialundervisning på grunnskulen sitt område.

Framandspråklege vaksne har rett på nivåbasert opplæring i norsk med samfunnskunnskap.

Valdres opplæringssenter for framandspråklege er eit interkommunalt samarbeid mellom Valdreskommunene. (Vestre Slidre, Vang, Nord-Aurdal, Øystre-Slidre, Sør-Aurdal og Etnedal.)

Nivået på språkferdigheiter ein reknar som naudsynt for vidare utdanning og arbeid, er sett til 220 poeng på Språkprøva.

Framandspråklege med bakgrunn tilsvarande norsk grunnskulenivå: 850 timar undervisning.
Framandspråklege med ingen eller liten skolebakgrunn: 3000 timar undervisning.

Kontaktinformasjon vaksenopplæring
Kontaktinformasjon vaksenopplæring
Tittel/funksjonNamnTelefon 
FørstekonsulentAnne Mari Stensby61 35 25 56Send e-post
Sist endra 22.12.2014
Tenestestad (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune