Barn som pårørande er i mange kategoriar og dei kan ha:
- foreldre og sysken med rus og alkoholmisbruk
- foreldre og sysken med alvorlig diagnose som f.eks.kreft
- foreldre og sysken med psykiske lidingar
Forskning viser at barn vil ha informasjon og vil vite. Fantasien er ofte vondare enn virkelegheita. "Barn som pårørande", i barnehage og skule har stor innverknad på deira kvardag.
Barn melder frå når ting er vanskeleg på sin naturleg måte når det ikkje klarar å setja ord på kva som er vanskeleg ved åtferdsendring:
- dei kan bli meir sinte
- bli utagerande
- trekkje seg bort for seg sjølv
- det blir vanskeleg å konsentrere seg om lekser på skulen og om leik og læring i barnehagen
Vi som vaksne profesjonelle må vere konkrete og spørja barnet direkte og vere tilstade for dei. I nokon tilfelle snakkar barna med ein gong, i andre tilfelle må dei ha tid på seg for å opne seg. Det er stor hjelp for barna berre å vite at dei har moglegheita til å snakke med den vaksne som tok opp temaet. Det kan vere nok å seia at "eg ser at du har det vanskeleg...".
Foreldre oppfordrast til å ta kontakt med barnehagepersonell og lærarar for å informere om familiesituasjonen om noko er vanskeleg. På den måten kan vi saman gjere kvardagen lettare for barnet. Forskning viser at kvardagen blir lettare å klare når barna har vaksne rundt seg som dei veit dei kan prate med. Det er eit vaksenansvar, både heime og i barnehage og skule.
Det blir oppretta "Treffpunkt Valdres" annankvar laurdag på Vikatunet kl.12-14 frå og med 3 mars. Dette er ein møtestad for barn som pårørande, tilbodet er gratis og diagnoseuavhengig.
For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Stine Bjerke, barnevernpedagog i psykisk helseteneste og medlem i arbeidsgruppa "Barn som pårørande" i Valdres.