Kvardagsrehabilitering

Kva er kvardagsrehabilitering? 

  • Ei førebyggjande helseteneste retta mot heimebuande eldre
  • Føremålet med tenesta er at brukaren kan bu heime lengst mogleg og delta aktivt i eige liv
  • Brukaren skal delta aktivt i rehabiliteringa og jobbe saman med eit tverrfagleg team for å nå måla sine
  • Trening mot målet skjer i heimen til brukaren, i ei intensiv og tidsavgrensa periode

Kvardagsrehabilitering

Kven er vi?

Kvardagsrehabilitering vert driven av eit team beståande av hjelpepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og heimetrenarar.

Målgruppe

 

  • Du som opplever plutseleg eller gradvis fall i funksjonsevne
  • Du som opplever at daglege aktivitetar og gjeremål begynnar å bli ei utfordring.
  • Du som skal heim etter sjukehusinnlegging eller korttidsopphald på sjukeheim
  • Du som ber om tenester (heimeteneste, heimesjukepleie, avlasting) for fyrste gong eller opplev auka behov for tenester
  • Du som søkjer hjelpemiddel

Korleis få tilbod om tenesta?

  • Ring eller ta kontakt via Systemkontoret i Helse og omsorg
  • Fastlegen kan vidareformidle for deg til teamet
  • Alle søknadar blir handsama i inntaksmøtet

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis.

Kontaktinfo

Systemkontoret
Tildeling av tenester og sentralbord
Telefon 61 34 28 70