Matlevering

Beskriving

Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du få maten levert. Tilbodet kan vere varm eller frosen middag som blir levert heim til deg éin eller fleire dagar i veka.

Målgruppe

Eldre eller funksjonshemma som bur heime

Kriterium

Sjukdom, alder eller andre årsaker gjer at du ikkje er i stand til å ta vare på ernæringsbehovet ditt.

Pris

2018 - Betalingssatsar mat (heimetenesta/sjukeheimen) Satsar for 2018
Måltid Pris per måltid
VED UTKJØRING AV MAT
Varm mat 90 kr
Frukost/kveldsmål 55 kr
VED SERVERING PÅ SJUKEHEIMEN
Middag 80 kr
Frukost/kveldsmål 55 kr
Middag tilsett/andre 87 kr

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om matlevering, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Oppdatert

29.09.2017 11:50:56

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Kontaktinfo

Systemkontoret
Tildeling av tenester og sentralbord
Telefon 61 34 28 70