Testing mot Koronavirus

For Øystre Slidre, Vang og Vestre Slidre skjer testing utanfor Røde Kors-garasjen til Grindaheim Røde Kors i Lundsmarka 18, 2975 Vang i Valdres. Det er viktig at pasientar som har god allmenntilstand køyrer sjølv og ikkje brukar drosje.

Testinga skal i utgangspunktet skje på dagtid på kvardagar. Det er planlagt to mobile testeiningar i Valdres. Dei mobile einingane skal brukast når pasientane ikkje kan kome seg til lege eller oppmøteplass for testing sjølve.

Meir informasjon om testing finn du her.

Korleis kan eg få testa meg?
For å bli testa for viruset må du ha avtalt time på førehand. Kontakt fyrst ditt lokale legekontor.

Kvar skal eg henvende meg?
Innbyggjarar i Øystre Slidre kommune tek kontakt med legekontoret på Heggenes, kvardagar mellom kl.08.30 og 15.00 for å avtale time.Tlf. 61 35 29 00. Etter kontortid må ein kontakte legevakt.

Råd og informasjon om Koronaviruset
Oppdatert informasjon finn du på www.fhi.no

Kontaktinfo

Kommunelegen i Øystre Slidre
Telefon 61 35 29 00

Telefaks: 61 35 29 10

Telefon legevakt: 116117

Medisinsk nødhjelp: 113