Øvre Valdres psykologteneste

Kommunepsykolog for Øvre Valdres psykologteneste har hovudkontor på Helsestasjonen i Vestre Slidre kommune.

Psykologtenesta er eit lågterskel behandlings- og oppfølgingstilbod. Tilbodet er retta spesielt mot ungdom i alderen 13 - 20 år med rus- og psykiske helseproblem og deira familiar. Barn og unge i lågare alder som har vore utsett for vold og overgrep/traumar og/eller behov for oppfølging for betre gjennomføring for skule og opplæring er også hovudprioritet.

Du treng ikkje henvisning for å ta kontakt. Kontoret har ope for behandling fredagar mellom kl.9 - 15. Tenesta er gratis.

Psykologtenesta har og ansvar for system- og samfunnsretta arbeid, helsefremjande og førebyggande arbeid og rettleiing/fagstøtte til personell/tenestar i Vang kommune, Vestre Slidre kommune og Øystre Slidre kommune.

Kontaktinfo

Emma Børhus Törmä
Kommunepsykolog
E-post
Mobil 948 63 615