Dagtilbod for demente (Vindestogo)

Heidi Ellingsen Sælid og Berit Karlberg Myrvang - Klikk for stort bilete

Vindestogo er eit dagaktivitetstilbod for heimebuande med demens, som har nytte og glede av aktivitetar saman med andre. Vi tilbyr transport, aktivitetar og sosialt samvær. Det vert servert to måltid om dagen. Leiarar for tilbodet er Heidi Ellingsen Sælid og Berit Karlberg Myrvang.

Målsetting for tilbodet:

”Å skape eit tilbod der brukarane møtest i eit trygt og inkluderande sosialt fellesskap, der det er aktivitetar som stimulerer, tek vare på ferdigheiter i det daglege og skapar meistring og livsglede”.

Dagsprogram:

  • Henting heime med bil ca. 08.45
  • Frukost og kaffe ca. 09.15
  • Diverse aktivitetar
  • Middag ca. 14.00
  • Køyring heim med bil ca. 15.00

Aktivitetar:

  • Fysisk aktivitet, slik som stoltrim og gåturar
  • Enkel matlaging og baking
  • Enkelt handarbeid, ved-/hagearbeid
  • Song og musikk
  • Spel og kortspel
  • Høgtlesing
  • Turar
  • Sansehage med gapahuk, bålplass og paviljong. Asfaltert gangsti med bærbusker og blomster. Dette vil gje moglegheit for trygge uteaktivitetar og sanseopplevingar.

Betaling:

  • Pris per dag, inkludert mat og køyring: kr 80 (per 2017)
  • Det blir sendt rekning kvar månad.

Kontaktinfo

Systemkontoret
Tildeling av tenester og sentralbord
Telefon 61 34 28 70
Vindestogo
Mobil 414 99 732

Åpningstider

Måndag-fredag 0900-1500

Adresse

Vindevegen 5

2940 Heggenes

Kartpunkt