Retningslinjer for kulturtilskot i Øystre Slidre kommune

Frivillig arbeid skapar engasjement og gjev gode fellesskapsopplevingar. Dugnad og anna frivillig arbeid blir høgt verdsett i Øystre Slidre og kommunen gjev økonomisk støtte til frivillige lag og organisasjonar som arbeider på eit ideelt grunnlag. 
 
Kommunen lyser ut kulturmidlar ein gong per år, med søknadsfrist  1.mai. 

Kven kan søkje

Både einskildpersonar og organisasjonar kan søkje kulturtilskot, men tilskotet skal koma fellesskapet til gode.
 
Det kan gjevast kulturtilskot til musikk, dans, teater, idrett, friluftsliv og anna organisasjonsverksemd for barn, unge og vaksne. Det kan òg gjevast støtte til vøling av eldre bygningar eller andre kulturminne i kommunen. 
 
Ungdom under 25 år kan søkje om stipend på inntil kr. 10.000,- til vidareutvikling / vidareutdanning innan idrett, kunst og kulturfag.  
 

Prioritering

Tiltak som er prioritert i kommunen sine planar, som til dømes Plan for psykisk helse, Barne- og ungdomsplanen og Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, har høgste prioritet ved tildeling av kulturmidlar. 
 
Lag og organisasjonar som arbeider for barn, ungdom og dei som treng spesiell tilrettelegging, blir prioritert. Lag/tiltak som har svak økonomi, men gode prosjekt og stor aktivitet skal også prioriterast. Lag med vaksne medlemer kan ta imot kulturtilskot, dersom aktiviteten er utoverretta, som til dømes tilrettelegging for friluftsliv og gjennomføring av konsertar og andre framsyningar. Regionale lag og organisasjonar kan ta imot kulturtilskot dersom dei legg til rette for aktivitet som ikkje er i konkurranse med tilsvarande aktivitet i vår kommune. 
 
Ved tildelinga, skal det takast omsyn til rekneskap og budsjett, organisasjonen sine medlemstal og aktivitetsnivå. 
 

Kva skal søknaden innehalde

Søknaden skal skrivast på eige skjema eller elektronisk gjennom heimesida til kommunen. Årsmelding, rekneskap og budsjett skal liggje ved søknaden.

Kontaktinfo

Kari Onstad
Kultursjef / Kulturskulerektor
E-post
Telefon 61 35 25 57
Mobil 996 90 616