Deling av eigedomYnskjer du å dele eigedomen din (skilje ut ei tomt), må du søke om frådeling og oppretting av eigedom. Då blir det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer. Oppretting av eigedom skjer gjennom to trinn: Løyve til oppretting av eigedom skjer etter plan- og bygningslova og eventuelt jordlova. Saksbehandlingsfrist er 12 veker frå kommunen har mottatt komplett søknad. Delingsløyvet blir gjennomført etter matrikkellova gjennom ein oppmålingsforretning. Her blir grensepunktene merka, nye grenser registrert i eigedomsregisteret (Matrikkelen), og nytt gards- og bruksnummer tinglyst. Saksbehandlingstid: Saksbehandlingsfrist er 16 veker. Kommunen har vinterforskrift i perioden 01.11-15.05, som vil si at for gjennomføring av oppmålingsforretningar i denne perioden gjeld ikkje 16-vekers fristen. Etter at det er gitt løyve til deling går saken automatisk vidare til oppmåling, med mindre ein søker om utsetting av oppmålingsforretningen. Sist endra 12.01.2018 10.51