Arealoverføring

For å gjera eigedomsgrenser mellom naboeigedomar meir hensiktsmessige, kan du søke om å justere grenser eller overføre areal mellom eigedomar. Vi gjennomfører enten grensejustering (ved små endringar) eller arealoverføring (ved større endringar).

Arealoverføring av eigedom skjer gjennom to trinn:

  • Som ved frådeling av ny eiendom må løyve til arealoverføring frå ein eigedom til ein annen behandlast etter plan- og bygningslova og eventuelt jordlova. Saksbehandlingsfrist er 12 veker frå kommunen har mottatt komplett søknad.
  • Løyve til arealoverføring blir gjennomført etter matrikkellova gjennom ein oppmålingsforretning. Her blir grensepunkta merka, nye grenser registrert i eigedomsregisteret (Matrikkelen), og overføringen av arealet tinglyst. Dette skjer gjennom tinglysing av Erklæring om arealoverføring (sjå skjema over).

Saksbehandlingstid:

Saksbehandlingsfrist er 16 veker. Kommunen har vinterforskrift i perioden 01.11-15.05, og då gjeld ikkje 16-vekers fristen.

Slik søker du om arealoverføring:

  1. Ta ut situasjonskart på kommunens WEB-kart på valdreskart.no og bestill naboliste hjå kommunen.
  2. Send ut nabovarsel basert på nabolista frå kommunen. Kvittering for sendt nabovarsel/nabokvittering skal inn på side 4 i søknadsskjemaet. Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga som du sender til kommunen.
  3. Send søknadsskjemaet til kommunen. Hugs at alle eigarar av berørte eigedomar må signere på skjemaet.

Vedlegg som skal følgje søknaden:

  • Fylgjebrev med forklaring om arealoverføringen.
  • Kart som viser ynskt grense før og etter arealoverføringen.
  • Opplysningar gitt i nabovarsel og kvittering for nabovarsel (sjå skjema over).
  • Søknad om arealoverføring (sjå skjema over).
  • Erklæring om arealoverføring når det gjeld arealoverføring mellom eigedomar med forskjellig eigar (sjå skjema over).
  • Erklæring om pantefråfall frå panthavar i areal som skal overførast.
  • Andre vedlegg kan vere aktuelle for den enkelte saken. Sjekk dette med kommunen.

 

Kontaktinfo

Arne Nysveen
Oppmålingsingeniør
E-post
Telefon 61 35 25 29