Oppmåling av eksisterande grense

Dersom det er uklart kor ei eksisterande grense mellom to eigedomar går, kan grensa klarleggast ved ein oppmålingsforretning. Dersom grensemerke(r) for ei tidlegare oppmålt og koordinatbestemt grense er borte, kan du bestille ny merking av eigedomsgrensen(-e).

Klarlegging av eksisterande grense:

  • Send rekvisisjon om oppmålingsforretning til kommunen (sjå skjema over).
  • Legg ved kart over eigedomen som viser kva for grense som ein ynskjer klarlagt.

Ny merking av eksisterande grense:

  • Send rekvisisjon til kommunen (sjå skjema over).
  • Legg ved kart som viser kva for grensepunkt som skal merkast på nytt.

Saksbehandlingstid:

Klarlegging av eksisterande grense samt ny merking av eksisterande skal utføres innan 16 veker. Kommunen har vinterforskrift i perioden 01.11-15.05, og i denne perioden gjeld ikkje 16-vekers fristen.

Kontaktinfo

Arne Nysveen
Oppmålingsingeniør
E-post
Telefon 61 35 25 29