Samanslåing av eigedomar

Samanslåing av eigedomar er regulert av matrikkellova § 18 og matrikkelforskriften § 43. Krav om samanslåing skal sendast kommunen på eige skjema (sjå skjema over).

Samanslåing av eigedomar krev normalt at eigedomane grensar til kvarandre. Eigedomane må i tillegg ha same eigar, og det må ikkje finnast hefter som medfører prioritetskonflikt mellom panthavarane. Spør kommunen om dette.

Seksjonerte sameiger kan slåast saman, men føreset at den samanslegne eigedomen blir etablert som eit nytt seksjonssameige med alle dei opprinnelige seksjonseigarane som sameigarar.

Samanslåing av eigedomar er gebyrfritt, både i kommunen og hjå tinglysingen, og krev ikkje oppmålingsforretning.

Kontaktinfo

Arne Nysveen
Oppmålingsingeniør
E-post
Telefon 61 35 25 29