Fritak frå eigedomsskatt

Følgjande reglar gjeld for fritak for eigedomsskatt:

1. Eigedomar som skal fritas for eiendomsskatt

I henhald til eigedomsskattelova § 5 er det en del skatteobjekt som skal frikast for eigedomsskatt. Denne paragrafen har følgjande  ordlyd:

” Fri for eigedomsskatt er: a) Eigedom som staten eig, så langt eigedomen vert nytta av Kongen eller kongehuset, Stortinget eller Regjeringa eigedomen vert nytta til kulturelle føremål, slik som idrettsanlegg, musé, teater, skulpturar m.v. eigedomen har historisk bygg eller anlegg eigedomen vert nytta av Forsvaret til forsvarsanlegg eller avgrensa leirområde eigedomen tilhøyrer staten sine samferdselsforetak så langt dei tener ålmennyttige føremål eigedomen er vassfall, fabrikk eller anna føretak som staten eig og som tener ålmennyttige føremål b) Eigedom som høyrer til jernvegar til ålmenn bruk, så langt og så lenge eigedomen vert nytta i verksemda. c) Kyrkjer. d) Eigedomar som kommunen sjølv eig. e) Legasjons- og konsulateigedomar som ein annan stat eig, når den andre staten fritek norsk eigedom for tilsvarande skatt hjå seg. f) Eigedom som statens lufthamnselskap eig, i same omfang som fritaket for statens eigedom etter bokstav a femte strekpunkt. g) Eigedom som helseforetak eig, i same omfang som fritaket for statens eigedom etter bokstav a sjette strekpunkt. h) Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk. i) Ikkje utbygde delar av Finnmarkseiendommen sin grunn i Finnmark fylke. Dette fritaket gjeld likevel ikkje tomteareal, jamvel om arealet ikkje er utbygd enno. Departementet kan gje nærare regler til utfylling og avgrensing av denne bestemmelsen. ”

Finansdepartementet har gitt nærmare regler om avgrensning av eigedomsskatt på statlige eigedomar  i forskrift av 18.11.1992, nr. 850.

2. Spesielt om landbrukseigedomar  (§ 5 h)

Etter lovendring i juni 2006, skal eigedomar som blir dreve  som gardsbruk eller skogbruk ha obligatorisk fritak. Med eigedom som blir dreve som gardsbruk eller skogbruk meinast eigedom som blir halde  i hevd ved en driftsmåte som er i samsvar med det som er vanlig jord- og skogbruksdrift i området, jf Innst. O. nr. 53 (1974-1975). Bustadbygg/fritidsbygg med tilhøyrande tomt er ikkje omfatta av  unntaket og skal bli taksert, det same gjeld andre bygg eller driftsmiddel som ikkje kan bli knytt  direkte til landbruksverksemda  (for eksempel garasjar, naust og liknande).

3. Eigedomar  som kan fritakast for eigedomsskatt

I henhald til eigedomsskattelova  § 7 kan kommunestyret vedta å gje eigedomar  heilt eller delvis fritak for eigedomsskatt.

Lovparagrafen har følgjande  ordlyd: ” Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt: a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. b) Bygning som har historisk verde. c) Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære. Fritaket kan gjelda i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig. Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommuneloven § 10, kan få fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak. d) Bygning og grunn i visse luter av kommunen.”

Avgjerd  som fritak etter § 7 er årlige vedtak som normalt blir gjort i samband med  budsjettbehandlingen for kommende år.

Kontaktinfo

Ole Martin Alfstad
Økonomisjef
E-post
Telefon 61 35 25 11