Informasjon om takseringFaktainformasjon om eigedomen blir henta frå det sentrale matrikkelregisteret. Matrikkelen inneheld data om grunneigedommar, eigar, adresser, bygningar og det grafiske bildet av eigedomen. Registreringar i Matrikkelen skjer i henhald til føringsinstruksen utgitt av Kartverket.For å sikre at vi har korrekte opplysningar med omsyn til utvendig bygningsstandard og areal (BRA) relatert til bygningane er det gjennomført synfaring av eigedomane i kommunen..I samband med synfaringa er det i første rekke desse opplysningane vi nyttar frå Matrikkelen: Eigedomsidentifikasjon (gardsnummer, bruksnummer, festenummer, seksjonsnummer) Type eigedom Kva bygningar som er oppført på eigedomen Areal per etasje på bygningane Antall brukseiningar (bustad, fritid, næring osv) per eigedomNår det gjeld areal på bygningar, tar ein utgangspunkt i bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet innanfor ytterveggene på bygningen. Arealet blir målt for kvar etasje i bygningen. Vi grupperer etasjane i: Kjelleretasje Underetasje Hovudetasje(r) LoftsetasjeVil du vite mer om Matrikkelen, finn du informasjon på kartverket sine nettsider. Sist endra 27.02.2019 14.56