Innføring av eigedomsskatt i Øystre Slidre

Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i møt 21.desember 2017:

  1. Kommunestyret vedtak med heimel i §2 å skrive ut eigedomsskatt i kommunen og  §3a for alle faste eigedomar i kommunen
  2. Kommunestyret vedtek med heimel i § 11 at eigedomsskatten på verk og bruk og næringseigedomar skal vera 7 promille av takstverdien og 2 promille av taksverdien for bustader og fritidsbustader.
  3. Kommunestyret vedtek at eigedomsskatten for 2018 skal betalast i to terminar med forfall 15. juni og 15. oktober.

Med bakgrunn i  vedtak om utviding av eigedomsskatt til gjelde alle eigedomar i kommunen er  sakkunnig takstnemnd i gang med å fastsette takster.  Sakkunnig takstnemnd gjennomfører fastsetting  av takstar  med heimel i eigedomsskattelova og fastsette rammer og retningsliner.  Eigedomsskattetakst er basert på resultat etter synfaring  av eigedomane i perioden mai 2017 – januar 2018.

Det  blir gjennomført  eigedomsskattetakst på om lag 7.600 eigedomar inkl bustader, fritidseigedomar , næringseigedomar, tomter og verk og bruk

Betalingsterminar er 15. juni og 15. oktober.

Faktureringstidspunkt er mars 2018

Eigedomsskatteliste for 2018 vil bli lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på kommunehuset og på kommunen sine nettsider 1. mars.

Skattelista vil ligge ute til ettersyn i tre veker.

Kontaktinfo

Ole Martin Alfstad
Økonomisjef
E-post
Telefon 61 35 25 11