Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2032


Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt overordna styringsdokument og gir rammer for vidare utvikling. 

 Prosessen med samfunnsdelen starta opp våren 2020. Gjennom hausten 2020 blei det holdt ope møter knytt til næringsstrategi og temadagar med kommunestyret. Desse innspela er i stor grad brukt til å utarbeide samfunnsdelen. 

Samfunnsdelen for 2020-2032 blei vedtatt i kommunestyret den 18.februar 2021. Her har politikarane definert kva mål og strategiar dei har for utvikling av kommunen. I tillegg er det utarbeidd ein næringsstrategi og ein arealstrategi. Arealstrategien vil fungere som eit underlag når kommunen no snart skal i gang med revidering av kommuneplanen sin arealdel. 

 

Me håpar at mange vil gjere seg kjent med planen og gje sitt bidrag for å nå måla til kommunen.

 

KOMMUNEPLANEN SIN SAMFUNNSDEL 2020-2032  (PDF, 2 MB)

Klikk for stort bilete Holden, O.E.