I kommunedelplanen for Beitostølsområdet 2011-2023 er det avsett eit område kalla "SP1" ned for høgdebassenget ved Åsestølen. Forprosjektet (PDF, 4 MB) gjeld forslag til innhald i dette området.

Norconsult fekk i oppdrag å lage ei moglegheitsstudie for Heggenes og Tingvang. Her finn du rapporten med vedlegg. 

Då vi vurderte kvar vi skulle lokalisere det nye omsorgssenteret, fekk vi Asplan Viak til å gjere ei studie av Heggenes.

Kommunen gjennomførte eit tettstadutviklingsprosjekt i 2015-16. Det enda opp med denne rapporten (PDF, 8 MB) frå Mountainworks.

I kommunedelplanen for Beitostølsområdet frå 2011 vart nytt skitrekk og parkering i Størrtjednlie sett som vilkår for utbygging av området. I 2015 gjorde International Alpine Design (noverande Mountainworks) på oppdrag frå kommunen ei vurdering av dette. Vurderinga konkluderte med at ski in-ski ut burde vere eit vilkår for utbygging, men at skitrekk og parkering burde ligge i Menkelie.

Analysen (PDF, 3 MB) vart gjennomført av Rambøll på oppdrag frå kommunen i samband med revisjon av kommunedelplanen

Masterplanen var eit omfattande planprosjekt der næringslivet på Beitostølen saman med kommunen, grunneigarar og idrettslag laga ein langsiktig strategisk plan.

På oppdrag frå kommunen utarbeidde Feste AS denne byggeskikkrettleiaren (PDF, 5 MB) for Beitostølen i 2005. Rettleiaren gir råd både om utforming av bygg og lokalisering av byggeområde.