Kartlegging og verdsetting av område for friluftsliv

Folkehelseveka2.jpg - Klikk for stort bilete Kartlegginga omfattar heile kommunen, og er ledd i nasjonalt prosjekt med mål om at kommunane sine viktigaste område for friluftsliv er kartlagt og verdsatt innan 2018.

Framlegget omfattar i alt 53 område fordelt på 9 områdetypar.Bakgrunn for prosjektet er å nå det nasjonale målet om at alle skal ha moglegheit til å drive friluftsliv. Det er derfor viktig å ivareta eit bredt spekter av område med ulike kvalitetar.  Som ledd i dette arbeidet skal friluftsområde kartleggast og vurderast med omsyn til kvalitet og verdi.

Saka var oppe til behandling i formannskapet i sak 96/17. 

Følgjande områdetypar er registrert:       

  • Nærturterreng
  • Store turområde med tilrettelegging
  • Leike- og rekreasjonsområde
  • Store turområde utan tilrettelegging
  • Marka
  • Særlege kvalitetsområde
  • Strandsone
  • Grønnkorridor

 

Aktuell bruk av kart over prioriterte og verdsette friluftsområde med eigenskapsdata:

  • Grunnlag for all arealplanlegging
  • Grunnlag for verksemdsarbeid innanfor friluftsliv ma. prioritering av midlar.
  • Grunnlag for utarbeiding av søknader om spelemidlar og andre tilskotsmidlar.
  • Grunnlag for enkeltsaksbehandling og konsekvensutgreiing.
  • Grunnlag for målretta innsats for å betre tilrettelegginga for friluftsliv.
  • Grunnlag for målretta forvaltning av friluftsområde.
  • Evt. planprosess for etablering av rekreasjonsløyper for snøscooter krev at aktuelle område er kartlagt og verdivurdert, jfr. Nasjonal forskrift § 4 a.
  • Kart og eigenskapsdata blir lagt inn i nasjonal base (Naturbase), og data vil dermed kunne bidra til marknadsføring  av spesielle kvalitetar kommunen har på dette området.

Dokumenta i saka finn du her:

 

Lenke til vegleiar M98-2013 Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder

www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M98/M98.pdf