Kart på nett

Valdreskommunane har to kartløysingar for web. Ei avansert kartløysing berekna på pc/mac/laptop (www.valdreskart.no) og ei enklare løysing berekna på smarttelefon/nettbrett (GeoInnsyn).

Bruk valdreskart.no om du treng situasjonskart, gardskart, eigedomsgrenser, temakart, arealplankart, flyfoto mm. Dette er også best eigna om du ynskjer å skru av og på ulike kartlag, måle avstandar, areal og skrive ut eigendefinerte kartutsnitt. Anbefalt nettlesar er Chrome eller Firefox.

Bruk geoinnsyn om du ynskjer raskare og enklare kart eller betre brukarsnitt for smarttelefon og nettbrett. Plandata finn du også her, men denne kartportalen blir oppdatert sjeldnare. Sjekk difor alltid plandata mot kommunens heimeside eller valdreskart.no.