Konsesjon i Øystre Slidre

I Øystre Slidre er det tre variantar av konsesjonsbehandling etter kva for eigedom som skal overdragast og kor den ligg.

  1. Eigedomar som det må søkast konsesjon på er typisk ein gard. Dette er ein standard konsesjonssøknad. (Skjema LDIR-359 Søknad om konsesjon på erverv av fast eiendom mv.)
  2. Tomter, bebygde og ubebygde, innafor kommunedelplan Beitostølen. Her er det nedsett konsesjonsgrense. Det betyr at det er buplikt på alle heilårsbustader, sjølv om ein arvar dei. Dersom eigedomen er ein heilårsbustad, må ein krysse i pkt.4.A.1 på skjemaet (Skjema LDIR-356 Egenerklæring om konsesjonsfrihet i kommuner med nedsatt konsesjonsgrense).
  3. Tomter, bebygde og ubebygde, utanfor kommunedelplan Beitostølen. Her er det ikkje nedsett konsesjonsgrense, men tinglysingen forlangar uansett eit skjema for overdragingar av tomter i Øystre Slidre (Skjema LDIR-360 Egenerklæring om konsesjonsfrihet ved erverv av fast eiendom mv.).

Skjema med original underskrift skal sendast til kommunen for behandling, gjerne som vedlegg til E-post til post@oystre-slidre.kommune.no med beskjed om kven som skal ha beskjed om resultatet av behandlinga.

Når konsesjonsfridomen er stadfesta og lagt inn i matrikkelen, vil den som er oppgitt som mottaker få beskjed om at skøyte kan sendast til tinglysing.

Meir informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00