Garasje/uthus

Desse reglane gjeld om byggeprosjektet gjeld garasje eller uthus:

Friteke for søknadsplikt - meldepliktig

Fritaket gjeld berre når tomta/eigedomen ligg i eit område som har reguleringsplan, eller er avsett til byggeområde i kommunens arealdel.

  • Bebygd areal - BYA eller bruksareal (BRA) - kan ikkje være over 50 m2.
  • Bygget må være frittliggande.
  • Eigedommen må være bebygd.
  • Bygningen kan ikkje brukast til å bu i.
  • Mønehøgda kan ikkje være over 4 m, og gesimshøgde ikkje over 3 m (målt frå ferdig planert terrengs gjennomsnittshøgde)
  • Bygningen kan ha ein etasje (ikkje kjeller).
  • Bygningen kan plasserast inntil 1 m frå nabogrense.
  • Hugs at tiltaket må være i tråd med planen (arealformål, størrelse, byggegrense osv.)
  • Eksemplar: garasje til bustadhus der  eigedommen er regulert til bustadføremål og uthus til landbruksføremål i LNF-område er unntatt søknadsplikt.
  • Sjå retteleiaren "Korleis søkje"

Søknad utan ansvarsrett

  • Frittliggande bygning som ikkje skal nyttast til å bu i , og der  korkje bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m2.
  • Bygningen kan oppføras i inntil ein  etasje. Bygningen kan i tillegg være underbygd med kjeller, men utan at kjeller blir rekna med i BRA for bygningen.  Bygningen kan ha loft så lenge loftet ikkje blir rekna som etasje (jfr. byggteknisk forskrift § 6.1).
  • Bygningen kan plasserast inntil 4 m frå nabogrense. Ønskes det å bygge nærare må nabo signere på erklæringsskjema.
  • Sjå retteleiaren "Korleis søkje"

Søknad med ansvarsrett

  • Frittliggande bygning der bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m2.
  • Bygningen kan plasseras inntil 4 m frå nabogrense. Ønskes det å bygge nærmare må nabo signere på erklæringsskjema.
  • Sjå retteleiaren "Korleis søkje"

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00
Tore Østlund
Byggesaksbehandlar
E-post
Telefon 61 35 25 71