Rive bygningar

Riving av byggverk er søknadspliktig. Det betyr at alt som er søknadspliktig å bygge må du også søke om å rive på same måte. Vær merksam på at enkelte reguleringsplaner kan ha restriksjoner angåande riving.

I Øystre Slidre er det mange gamle bygg som er automatisk freda, eller registrert som kulturminne i SEFRAK.Ved riving av gamle bygningar er eigar ansvarleg for sjekke ut tilhøva rundt dette.

Dersom bygg som skal rivast er større enn 100 m2 BRA må det utarbeidast avfallsplan og ein plan for korleis avfallet skal handterast, jfr. TEK10 § 9-6

Husk at det også må søkast om ferdigattest når rivinga er fullført.

Kontaktinfo

Tore Østlund
Byggesaksbehandlar
E-post
Telefon 61 35 25 71