VassmålaravlesingØystre Slidre kommune har to ulike system for avlesing av vassmålarar. Om lag 1500 abonnentar har automatisk avlesing av vassmålarar. Desse treng ikkje å lese av vassmålarar sjølve. Dei resterande i underkant av 1400 abonnentane må lese av vassmålaren ein gong per år. Fristen er normalt i løpet av dei første dagane i januar. Kommunen vil sende ein SMS til dei abonnentane som skal lese av vassmålaren sjølv (ein SMS per målarnummer). Meldinga blir sendt ut i første halvdel av desember. Telefonnummer blir henta frå våre system, Difi sitt kontaktregister, eller frå opplysningstenesta 1881. Denne SMS-en skal besvarast med målarstand (dei som har fleire målarnummer må passe på å svare på rett SMS). Dei som ikkje mottek SMS, vil få avlesingskort tilsendt i posten, som tidlegare. Vi oppmodar då flest mogeleg om å rapportere målarstanden inn elektronisk på leseav.no. Her må du oppgje ei kode, som står på avlesingskortet. Om du ynskjer å svare via SMS neste år, kan du leggje inn mobilnummeret ditt når du rapporterar inn målarstanden. Svarslipp for rapportering Dersom du ikkje ynskjer å rapportere målarstanden på web, kan du fylle ut svarslippen på motteke avlesingskort. Målarstanden skal då fyllast ut, skjemaet signerast og sendast til kommunen. Her kan du også legge inn mobilnummer dersom du ynskjer å levere målarstanden via SMS ved neste års avlesing. Årsgebyr for vatn og avløp 2022 - 7.1.2 Årsavgifter for vatn og avløp Grunnlag Beløp/sats Årsavgift for vatn per m3 (inkl 25% MVA) 25 kr Abonnementsgebyr for vatn per år (inkl 25% MVA) 2 029 kr Årsavgift vatn etter stipulert forbruk, min. per år (inkl 25% MVA) 2 726 kr Årsavgift for avløp målt per m3 (inkl 25% MVA) 40 kr Abonnementsgebyr for avløp per år (inkl 25% MVA) 2 024 kr Årsavgift avløp etter stipulert forbruk, min. per år (inkl 25% MVA) 4 063 kr Mottak av slam til reinseanlegg per m3 (inkl 25% MVA) 400 kr Vasslekkasje Vasslekkasje kan være dyrt. Til og med ei kran som berre dryp langsamt kan bruke fleire tusen liter på eitt år. Ein WC kan lekke verkeleg mykje vatn, opptil fleire hundre tusen liter per år. Slike lekkasjar må du betale for. Difor er det lurt å gjere det til vane å kontrollere at det ikkje lek heime hjå deg. Steng alle kraner, og kontroller at ingenting rører seg på vassmålaren. Er det rørsle på vassmålaren når alle kraner er stengt: ring ein røyrleggar! Svarfristen vil stå på SMS-en og/eller avlesingskortet. Sist endra 02.12.2021 09.20