Avløp - offentlege avløpsanlegg

Beskriving

Kommunen etablerer, driftar og held ved like offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanlegg og utsleppsinnretning). Føremålet er å samle opp avløpsvatn, transportere vatnet til eigna reinseanlegg og sleppe det reinsa vatnet ut i ein vassførekomst. Anlegget skal førebyggje ureining av miljøet og hindre overfløyming. Avløpsvatn tyder her vatn frå bustader og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn, og overvatn/drensvatn. Kommunen har ansvar for utslepp frå det offentlege avløpsanlegget. Kommunen rapporterer utsleppsdata til Fylkesmannen via KOSTRA (det internettbaserte systemet til Statistisk Sentralbyrå). Utsleppsdataa viser mellom anna i kva grad avløpsreinseanlegget følgjer reinsekrava.

Øystre Slidre kommune har tre avløpsanlegg:

  • Beito RA
  • Nedrefoss RA
  • Ygna RA

Målgruppe

Innbyggjarar, næringsliv

Kriterium

Bustader og verksemder må vere kopla til eller skal koplast til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning. Kommunen kan gjennom enkeltvedtak krevje rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.

Pris

Prisen for å kople seg til og nytte det offentlege avløpsnettet blir fastsett av kommunestyret.

Klage

Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Oppdatert

25.09.2017 19:05:32

Kontaktinfo

Gudbrand Berg
Avdelingsleiar veg, vatn og avløp
E-post
Telefon 61 35 25 25
Mobil 415 87 905