Vassforsyning - drikkevatn

Beskriving

Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er knytte til nettet. Eventuelle krav til slik tilknyting blir normalt avgjort gjennom reguleringsplanen eller ved søknad om byggjeløyve. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande.

Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Sjå annonsar i pressa osb. Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil du bli informert om situasjonen og om kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vare. Dersom du meiner at kommunen ikkje leverer vatn i samsvar med krava i mellom anna drikkevassforskrifta, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova.

Øystre Slidre kommune har to kommunale vassverk:

  • Kollstad vassverk (sør)
  • Ole vassverk (nord)

Kriterium

Drikkevatnet som kommunen leverer, skal vere hygienisk forsvarleg, klart og utan dominerande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde stoff som kan føre til helseskade i vanleg bruk. Avvik i vasskvaliteten som kjem av forhold i det interne leidningsnettet hos ein forbrukar, er normalt ikkje eit kommunalt ansvar. Større mengder brannvatn, til dømes til sprinklaranlegg, vil ikkje nødvendigvis kunne bli levert gjennom dette leidningsnettet, men sikrast på annen måte.

Pris

2021 - 7.1.1 Tilknytingsgebyr for vatn og avløp
Grunnlag Beløp/sats
Fritidsbustader og reiselivsverksemder:
Tilknytningsgebyr for vatn per m2 BRA (inkl 25% MVA) 300 kr
Tilknytningsgebyr for avløp per m2 BRA (inkl 25% MVA) 400 kr
For andre bygningar:
Andre bygningar betaler 20 % av tilknytingsavgifta for fritidsbustader/reiselivsverksemder.
2021 - 7.1.2 Årsavgifter for vatn og avløp
Grunnlag Beløp/sats
Årsavgift for vatn per m3 (inkl 25% MVA) 25 kr
Abonnementsgebyr for vatn per år (inkl 25% MVA) 1 510 kr
Årsavgift vatn etter stipulert forbruk, min. per år (inkl 25% MVA) 2 350 kr
Årsavgift for avløp målt per m3 (inkl 25% MVA) 40 kr
Abonnementsgebyr for avløp per år (inkl 25% MVA) 1 610 kr
Årsavgift avløp etter stipulert forbruk, min. per år (inkl 25% MVA) 3 762 kr
Mottak av slam til reinseanlegg per m3 (inkl 25% MVA) 400 kr

Oppdatert

29.09.2017 16:31:57

Kontaktinfo

Jostein Wårum
Rådgjevar VA
E-post
Telefon 61 35 25 40
Mobil 992 93 448