Vatn og avløp - abonnementsvilkår

Beskriving

For å bli kopla til det offentlege vass- og avløpsanlegget i kommunen må du søkje kommunen om tilknyting. Det kan gjelde for nye byggjetiltak eller dersom du har fått pålegg om tilknyting etter reglane i plan- og bygningslova. Som abonnent er du ansvarleg for at ditt private vass- og avløpsanlegg (slik som stikkleidningar og utstyr på utsida av husveggen som blir knytte til det offentlege anlegget) er i forskriftsmessig stand. Kommunen har ansvar for å byggje, drifte og vedlikehalde det kommunale vass- og avløpsanlegget.

Du skal få informasjon i god tid dersom det skjer planlagde stopp i vassforsyninga eller avløpshandteringa på grunn av arbeid på kommunale leidningar. Drikkevatnet skal oppfylle fastsette krav til kvalitet (sjå drikkevassforskrifta). Vasstrykket skal vere minst 2 bar ved tilknytingspunktet på den kommunale vassleidningen. Du skal få varsel frå kommunen dersom det skjer vesentlege endringar i vasstrykk eller vasskvalitet. Er det vassmangel eller når andre forhold krev det, kan kommunen innføre restriksjonar på vassforbruk til spesielle føremål, til dømes hagevatning.

Målgruppe

Eigar av eigedom med vass- og/eller avløpsinstallasjonar som anten er tilknytte offentleg vass- og avløpsanlegg, eller som har fått pålegg om tilknyting etter reglane i plan- og bygningslova

Kriterium

For tilknyting til offentleg vass- og avløpsanlegg gjeld abonnementsvilkåra for vatn og avløp – administrative og tekniske føresegner – som kommunen har vedteke. Desse vilkåra gjeld både for eksisterande og nye abonnentar, uavhengig av om abonnenten har skrive under ei erklæring om å overhalde vilkåra eller ikkje.

Kommunen er utan ansvar for skadar som kjem av svikt i vasstilførselen eller i avløpssystemet hos abonnenten, under dette tilbakeslag frå offentleg avløpsanlegg, med mindre svikten kjem av forsettleg eller aktlaust forhold frå kommunen si side. Kommunen kan krevje at anlegg blir reparert, utbedra, lagt om eller fjerna dersom dei er i strid med abonnementsvilkåra eller plan- og bygningslova.

Offentlege vass- og avløpsanlegg skal ikke vere overbygde. Ny byggjeverksemd, inklusive garasjar og støttemurar, skal ikkje plasserast slik at utbygginga er til ulempe for drift og vedlikehald av offentlege vass- og avløpsanlegg. Slik utbygging skal ha ein avstand til offentleg vass- og/eller avløpsanlegg på minst fire meter.

Til offentleg avløpsanlegg må ikkje tilførast væske, stoff, gass eller produkt som kan vere brann- eller eksplosjonsfarlege, miljø- eller helsefarlege eller skadelege for offentlege avløpsanlegg.

Pris

2018 - 7.1.1 Tilknytingsgebyr for vatn og avløp
Grunnlag Beløp/sats
Tilknytingsgebyr for vatn (pr. m2 bruksareal BRA bygg) Herav meirverdiavgift kr 60 300 kr
Tilknytingsgebyr for avløp (pr. m2 bruksareal BRA bygg) Herav meirverdiavgift kr 90 450 kr
Tilknytingsgebyr for vatn industri- og produksjonslokale (tilsv. 150m2). Herav meirverdiavgift kr 9 000. 45 000 kr
Tilknytingsgebyr for avløp, industri- og produksjonslokale (tilsv. 150 m2). Herav meirverdiavgift kr 13 500. 67 500 kr
2018 - 7.1.2 Årsgebyr for vatn og avløp
Grunnlag Beløp/sats
Årsavgift for vatn (per m3) Herav meirverdiavgift kr 3,40 17 kr
Abonnementsgebyr for vatn pr. år. Herav meirverdiavgift kr 220. 1 100 kr
Årsavgift etter stipulert forbruk, min. per år. Herav meirverdiavgift kr 320. 1 600 kr
Årsavgift for avløp (per m3). Herav meirverdiavgift kr 6,00 30 kr
Abonnementsgebyr for avløp per år. Herav meirverdiavgift kr. 260. 1 300 kr
Årsavgift etter stipulert forbruk, min. per år. Herav meirverdiavgift kr 560. 2 800 kr
Mottak av slam til reinseanlegg (per m3). Herav meirverdiavgift kr 64 320 kr

Handsaming

Kommunen kan når som helst, og utan å varsle på førehand, kontrollere/inspisere sanitærinstallasjonar og private vass- og avløpsanlegg som er under oppføring. Kontrolløren skal utan oppmoding legitimere seg. Kommunen kan gje pålegg om reparasjon, utbetring og eventuell omlegging dersom installasjonane ikkje er i samsvar med abonnementsvilkåra.

Klage

Normalt vil det ikkje vere høve til å klage til ein overordna instans. Ved usemje om abonnementsvilkåra kan det reisast sivilt søksmål for domstolane.

Er det manglar ved vasskvalitet eller trykk, kan abonnenten etter visse reglar krevje prisavslag og/eller erstatning (sjå forbrukarkjøpslova).

Vedlegg

Godkjent føretak skal sørgje for at det ligg føre situasjonsplan som viser privat vass- og avløpsanlegg (slik det er bygt) så snart anlegget er ferdig. Situasjonsplanen sendast til kommunen.

Rettleiing

Søknadsskjema får du hos kommunen. Søknaden om tilknyting skal underskrivast av deg som abonnent og av godkjent føretak. Søknaden skal vere godkjend før arbeidet blir sett i gang, med mindre kommunen godtek noko anna. Blir eit arbeid underveis overdratt til eit anna, godkjent føretak, skal det sendast ny søknad. For eit arbeid som ikkje er byrja på innan tre år etter at løyvet er gjeve, fell godkjenninga bort. Skal du seinare gjere reparasjonar eller utbetringar som gjev vesentlege endringar i vassforbruk eller utsleppsmengder, må du ha nytt løyve frå kommunen.

Oppdatert

29.09.2017 16:31:33

Kontaktinfo

Gudbrand Berg
Avdelingsleiar veg, vatn og avløp
E-post
Telefon 61 35 25 25
Mobil 415 87 905