Kven kan få følgjebevis?
Følgjebevis er meint for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med varigheit utover 2 år, med behov for hjelp eller følgje for å kunne delta på arrangement. Yngre barn kan òg ha rett til ledsagarbevis dersom assistansebehovet er stort.
Ledsagarbevis er aktuelt for personar med:
- rørslehemming
- høyrselshemming
- synshemming
- utviklingshemming
- ein del psykiske lidingar
- kroniske sjukdomar som alvorleg hjarte-/lungesjukdom
- demens
- andre funskjonsnedsetjingar eller kroniske sjukdomar
Kor kan eg bruke følgjebevis?
Det er den enkelte arrangør eller tilbydar som avgjer om dei godtek ledsagarbevis, og kva rabatt ledsagarbeviset i så fall gir. Hovudregelen er at ledsagar skal kome gratis inn, men enkelte stader blir det berre gitt rabattert billett. Du må sjølv finne ut om staden du vil besøkje eller reisa du vil gjennomføre, er omfatta av ordninga.
Søk om følgjebevis
Her kan du søkje om følgjebevis
Saman med søknaden må du sende inn legeerklæring eller uttale frå lege/spesialist. Du må og sende inn passfoto.
Du treng ikkje å søkje sjølv, verge kan søkje på vegne av andre.
Dersom du får avslag på søknaden din, skal den skriftlege avgjerda innehalde ei grunngjeving for det. Dersom du får avslag, kan du klage på det. Kommunen skal gi deg rettleiing om korleis du kan klage.