Treningsrommet på Heggenes

Treningsrommet på Heggenes ligg vegg i vegg med Øystre Slidre Fysioterapi og er på 90m2 med apparatavdeling, kondisjonsutstyr og matteområde. Her kan du trene styrke og kondisjon på eiga hand.
 
 

Tilgjengelegheit

Treningsrommet er i hovudsak ope for abonnentar kl.06.00 - 23.00 alle dagar. Enkelte tider er reserverte til gruppetimar eller bruk av Frisklivsentralen og fysioterapitenesta. Sjå timeplanen for oppdatert oversikt over når rommet er tilgjengeleg.

Abonnement

Alle som brukar treningsrommet må ha eige abonnement. Aldersgrense for bruk av treningsrommet er 16 år. Henvend deg til respsjonen på kommunehuset for å kjøp av treningskort. Sjå informasjon i menyen nedanfor.

Praktisk informasjon

Det er ikke garderobe eller dusj i tilknytning til treningsrommet. Det kan vere fleire brukarar i rommet samtidig, vis omsyn til kvarandre. All trening skjer på eige ansvar. Dersom du oppdagar feil eller manglar på treningsrommet, kontakt Maren hjå Frisklivssentralen,  tlf 469 41 295 eller e-post: maren.rakstad.gunderhuset@oystre-slidre.kommune.no

Hjelp til å komme igang med trening?

Ønskjer du å kome i gang med trening, men veit ikkje korleis, eller ønskjer du ein introduksjon til apparata? Ta kontakt med Maren hjå Frisklivssentralen. Her finn du infomrasjon om Frisklivssentralen i Øystre Slidre kommune.

Betaling, vilkår og timeplan

Her finn du informasjon om gjeldande prisar, betalingsløysingar, vilkår for bruk av treningsrommet og oversikt over timeplan. Klikk på menyen nedanfor for å sjå detaljar.

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00

Kartpunkt