Om kunsten på Helsetunet
Kunsten skal gjenspeile Øystre Slidre kommune si satsing innan helse og omsorg, og ivareta den lokale tilknytninga. Kunsten skal kommunisere med forskjellige aldersgrupper, menneske i ulike livssituasjonar og med ulik kulturbakgrunn. Den viktigste gruppa er bebuarane, mange med helsemessige utfordringar som glemsl, uro, svekka sansar og tap av språk. Kunsten skal ha gode visuelle kvalitetar. Kommunikasjon gjennom bruk av materiell, form og gjennkjennbarheit blir vektlagt. Kunsten bør ha noko universielt og tidlaust ved seg. Tidlaust for å behalde sin aktualitet. Kunsten skal ikkje virke openbart foruroligande eller vere til hinder for bevegelegheit. Tanketrådar; lys og varme, farge, tryggleik og trivsel, noko å snakke om.
Her finn du ei brosjyre over kunsten på Helsetunet (PDF, 3 MB)