Kunnskapsprøve - alkohollova

Alle som skal ha rolle som skjenkestyrar eller varaskjenkestyrar i verksemder med sals- eller skjenkeløyve må bestå ein kunnskapsprøve i alkohollova. Det gjeld òg kontrollørar som skal utføre salgs- og skjenkekontroll.

Kor og korleis blir prøven avlagt?

For å melde deg opp til kunnskapsprøve, ta kontakt med kommunen. Kommunen har plikt til å halde prøven innan to månader etter mottatt melding. Vanlegvis kan vi halde prøver på kort varsel. Prøven tek du på kommunehuset.

Prøven er ein elektronisk fleirvalsprøve med 30 spørsmål, og du må ha minst 24 rette svar for å bestå. Du har 60 minutt på å fullføre prøven. Prøven er på norsk og det er ikkje lov med tolk. Einaste tillatne hjelpemiddel er norsk ordbok.

Når prøven er bestått får du eit diplom som stadfesting på bestått prøve.

Pensum til prøven

For prøve til salsløyve er dette pensum:
 Alkohollova kap. 1, 3, 7, 8, 9 + alkoholforskrifta kap. 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11, 14.

For prøve til skjenkeløyve er dette pensum: 
Alkohollova kap. 1, 4, 5, 7, 8, 9 + alkoholforskrifta kap. 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, 14.

For prøve til kontrollørar er dette pensum: 
Alkohollova kap. 1, 3, 4, 5, 7, 8, 9 + alkoholforskrifta kap. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, 14.

Alkohollova finn du her på lovdata.no

Alkoholforskrifta finn du her på lovdata.no

Læremateriell til prøven

Du kan kjøpe læremateriell til prøven om du ønskjer det. Nettportalen vinn.no tilbyr læremateriell i form av nettkurs, lærebøker og “test deg sjølv”-prøver for øving.  Merk at det er forskjellig læremateriellet til prøve for skjenkeløyve og salsløyve.

På vinn.no kan du sjå oversikt over læremateriell og bestille det du ønskjer

Pris for prøven

Det kostar kr.400 per forsøk å ta prøven. 

Når du skal ta prøven

Møt opp i god tid, ta med legitimasjon og ver godt førebudd.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76