Kven kan få salsløyve for alkohol?
Daglegvarebutikkar og utsal kan få salsløyve for alkohol gr.1, drikke med inntil 4,7 volum% alkohol. Det må sendast inn søknad til kommunen. Med sal meinast sal av alkoholhaldig drikk til forbrukar mot vederlag for drikking utanfor salsstaden. Ein kan t.d. ikkje ha salsløyve og skjenkeløyve i same lokale.
Salstid for alkoholhaldig drikk gr.1
I Øystre Slidre kommune tillet vi sal av alkohol gr. 1 frå kl.08.00 - 20.00 kvardagar, på laurdagar frå kl.08.00 - 18.00.
Jf. alkohollova sin § 3-4 a, er det forbudt å selje alkohol etter kl.18.00 på dagar før søn- og heilagdagar, unnateke dagen før Kristi Himmelfarsts dag. Det er ikkje lov å selje alkohol på søndagar, heilagdagar, 1. og 17.mai.
Avgift for salsløyve
Alle som har eit salsløyve må betale eit årleg gebyr til kommunen, jf. alkohollova sin § 7-1. Gebyret blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk. Minstegebyr for salsløyve er kr. 2 070.- i 2025. Det skal sendast inn ein omsetningrapport til kommunen årleg.
Krav til løyvehavar
Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknaden må du gje opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og varastyrar. Alkohollova stiller krav til uklanderleg vandel for løyvehavar og personar som har vesentleg innflytelse på verksemda.
Krav til styrar og varastyrar
Det skal for kvart løyve vere ein styrar og ein varastyrar som må bli godkjent av kommunen. Styrar og varastyrar skal vere tilsette i verksemda, vere over 20 år og ha bestått kunnskapsprøven i alkohollova. Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgivninga og bestemmelsar gitt i medhald av den.
Slik søker du om salsløyve for alkohol gr.1
Søknadsskjema for salsløyve alkohol gr. 1 finn du her
Vedlegg som må følgje søknaden
Vedlegg skal du laste opp heilt til slutt i det elektroniske skjemaet. Du skal sende inn:
- Firmaatest frå Brønnøysundregisteret for selskapet som søker om salsløyve.
- Skatteattest for selskapet som søker om skjenkeløyve.
- Planteikning som viser arealet og funksjonane i lokalet.
- Leigekontrakt for lokalet.
- Bevis for at styrar og varastyrar har bestått kunnskapsprøven i alkohollova.
- Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar.
I nokre tilfelle treng vi fleire opplysningar. Da tek vi kontakt og etterspør det vi treng.
Når gir vi svar på søknaden?
Søknad om salsløyve blir normalt behandla innan 4 månader. Saksbehandlingstida blir rekna frå det tidspunktet de har send oss alle dokument vi treng for å behandle søknaden.
Vi sender søknaden på høyring til politiet, Skatteetaten og sosialtenesta i kommunen. Dersom høringsinstansane har merknader til søknaden, eller dersom de gjer endringar undervegs i søknadsprosessen, kan det ta lengre tid. Vi vil i så fall orientere om forseinkinga og når de kan forvente svar.
Gjeldande lovverk
Alkohollova finn du her på lovdata.no
Alkoholforskifta finn du her på lovdata.no
Rettleiing
Treng du rettleiing? Ta kontakt med saksbehandlar.