Skjenkeløyve

Personar eller verksemder som ønskjer å drive ein serveringsstad som skjenker alkoholhaldig drikk, må søkje om serverings- og  skjenkeløyve. Skjenkeløyve blir gitt for perioder på inntil 4 år, med opphøyr seinast 30.september året etter at nytt kommunestyre tiltrer. Skjenkeløyve kan også bli gitt for ein kortare periode, t.d. ein bestemt del av året eller ein enkelt bestemt anledning.

Kva kan du søke om?

Du kan søke om skjenkeløyve for alkohol gr. 1 (øl), gr. 2 (vin) og gr.3 (brennevin).  Du kan søke om skjenkeløyve for gr.1, gr.1 og 2, eller alle tre gruppene. Med skjenking forstås sal av alkoholhaldig drikk for drikking på skjenkestaden.

Når kan du skjenke?

Maksimal skjenketid for alkoholhaldig drikk gr.1 og 2 er alle dagar frå klokka 08.00 - 02.00. Maksimal skjenketid for alkoholhaldig drikk gr. 3 er frå klokka 13.00 - 02.00 alle dagar. Kommunen avgjer likevel skjenketida for kvar enkelt skjenkestad ut i frå konsept, lokasjon og andre tilhøve.

Avgift for skjenkeløyve

Alle som har eit skjenkeløyve må betale eit årleg gebyr til kommunen, jf. alkohollova sin § 7-1.  Gebyret blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk. Minstegebyr for skjenkeløyve er kr. 6 400.- i 2025.  Det skal sendast inn ein omsetningrapport til kommunen årleg.

Krav til løyvehavar

Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av skjenkestaden. I søknaden må du gje opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og varastyrar. Alkohollova stiller krav til uklanderleg vandel for løyvehavar og personar som har vesentleg innflytelse på verksemda.

Krav til styrar og varastyrar

Det skal for kvart løyve vere ein styrar og ein varastyrar som må bli godkjent av kommunen.  Styrar og varastyrar skal vere tilsette i verksemda, vere over 20 år og ha bestått kunnskapsprøven i alkohollova. Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgivninga og bestemmelsar gitt i medhald av den.

Slik søker du om skjenkeløyve

Du kan søke om serveringsløyve og fast skjenkeløyve i same skjema. NB, skal du søke om skjenkeløyve for ein enkelt bestemt anledning så er det et eige skjema for det.

Søknadsskjema for serverings- og skjenkeløyve finn du her

Vedlegg som må følgje søknaden

Vedlegg skal du laste opp heilt til slutt i det elektroniske skjemaet. Du skal sende inn:

  • Firmaattest frå Brønnøysundregisteret for selskapet som søker om skjenkeløyve.
  • Skatteattest for selskapet som søker om skjenkeløyve.
  • Planteikningar som viser arealet og funksjonane i lokalet.
  • Leigekontrakt for lokalet.
  • Bevis for at styrar og varastyrar har bestått kunnskapsprøven i alkohollova.
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar.
     

I nokre tilfelle treng vi fleire opplysnignar. Da tek vi kontakt og etterspør det vi treng.

Når gir vi svar på søknaden?

Søknad om skjenkeløyve blir normalt behandla innan 4 månader. Saksbehandlingstida blir rekna frå det tidspunktet de har send oss alle dokument vi treng for å behandle søknaden.

Vi sender søknaden på høyring til politiet, Skatteetaten og sosialtenesta i kommunen. Dersom høringsinstansane har merknader til søknaden, eller dersom de gjer endringar undervegs i søknadsprosessen, kan det ta lengre tid. Vi vil i så fall orientere om forseinkinga og når de kan forvente svar.

Gjeldande lovverk

Alkohollova finn du her på lovdata.no

Alkoholforskrifta finn du her på lovdata.no

Rettleiing

Treng du rettleiing? Ta kontakt med saksbehandler.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76