Skjenkeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

Planlegg du eit arrangement der du ønsker å servere alkohol? Alkohollova sin § 8-9 seier: “ Det er forbudt å drikke eller servere alkohol med mindre det foreligger bevilling til dette, og selv om det skjer uten vederlag.” På denne sida finn du informasjon om kva som gjeld.

Når må det søkast om skjenkeløyve?

Det må søkast om skjenkeløyve for alle arrangement i forsamlingslokale og andre felleslokale dersom arrangementet ikkje fell inn under unnataket for hovudregelen.

Skal du søke om skjenkeløyve må du vere over 20 år, i tillegg skal det vere ein ansvarleg skjenkestyrar ved arrangementet.  Skjenkestyrar må vere over 20 år.

Ambulerande skjenkeløyve

Ambulerande skjenkeløyve er eit løyve som gjeld for privat/slutta arrangement. Det betyr at det må vere ein slutta krets av personar som er samla for eit bestemt føremål. Deltakarane er inviterte og må ha ei viss tilknytning til den/dei som inviterer til selskapet og til kvarandre. Det er ikkje nok at ein på førehand har skrive seg på ei liste, meldt seg på eit facebook-arrangement, eller kjøpt billett.  Private/slutta arrangement kan ikkje på nokon måte annonserast i media, ved oppslag eller opent på sosiale medium. 

Skjenkeløyve for eit bestemt høve

Skjenkeløyve for eit bestemt høve er eit løyve som gjeld for opne/offentlege arrangement. Dette er arrangement som er opne for allmenta eller ein utvida krets av personar, og som kan annonserast, t.d. festival, quiz-kveld, konsert, bygdafest.

Her treng ikkje deltakarane ha tilknytning til arrangør og kvarandre. Merk at arrangement i denne kategorien krev tilpassa vakthald og rutinar for korleis regelverket skal overhaldast. Sjekk om du må melde eller søke politiet om arrangementet.

Skjenkeløyve for eit bestemt høve krev skjenkestyrar og evt. varaskjenkestyrar. Desse må vere over 20 år. Dersom styrar eller varastyrar har bestått kunnskasprøven i alkohollova, kan det kjøpast inn alkohol engros til arrangementet.

Dersom det er tvil om eit arrangement er ope eller privat/slutta, er det kommunen som har avgjerdsmynden.

Alkohol mot vederlag - definisjon

All servering av alkohol mot vederlag (betaling) er å ansjå som sal av alkohol og er forbode utan skjenkeløyve. Her finst ingen unnatak. Det blir rekna som sal av alkohol sjølv om betaling blir sett til ein sjølvkost/innkjøpspris eller til underpris. Det same gjeld når alkohol er lagt inn i ein billettpris/inngangssum/kuvertpris. T.d. ein velkomstdrink med alkohol blir rekna som sal av alkohol dersom den inngår i ein billettpris/kuvertpris.

All servering av alkohol mot betaling krever skjenkeløyve.

Arrangement som krev skjenkeløyve

Alle arrangement der det er servering av alkohol mot betaling.

Firma, lag og foreiningar som arrangør kjem ikkje inn under unntaket frå hovudregelen, og må alltid ha skjenkeløyve for å kunne skjenke alkohol i forsamlingslokale og andre felleslokale.

Det einaste unnataket er dersom firma, lag eller foreining arrangerer lukka selskap (for t.b. eigne tilsette eller laget/foreininga sine medlemmer) i eigne lokale (firmalokale, klubbhus o.l.), og det ikkje blir take betaling for alkohol.

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Arrangement som ikkje treng skjenkeløyve

Private/slutta lag som t.d. jubileum og bryllaup. Det betyr at arrangement som blir haldne av private personar i leigde/lånte lokale som alternativ til eigen heim og kor det ikkje blir tatt betalt for alkoholhaldig drikke.

Dersom det blir tatt betalt for alkoholhaldig drikke, må arrangør ha skjenkeløvye. 

Dersom gjestelista til eit privat selskap blir utvida utover ein nær krins av venner og familie, er det ikkje lengre eit privat/slutta selskap, og arrangør må ha skjenkeløyve.

Slik søker du om ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve for enkelthøve

Du søker på elektronisk søknadsskjema. Du må søke seinast 3 veker før arrangementet.

Her finn du søknadsskjema for ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve for enkelthøve

Det skal betalast løyvegebyr til kommunen for kvart løyve.

Varsel til politiet

Dersom du skal ha eit arrangement på offentleg stad må du søke eller melde i frå til politiet.

Søke politiet

Du må søke til politiet dersom arrangementet har eit omfang som openbart medfører behov for betydelege reguleringar av ferdsel eller vakthald, t.d. konsert eller festivalarrangement. 

Du må søkje minst fire veker før arrangementet startar. Ved større arrangement bør søknaden sendast allereie når planlegginga startar. 

Søknad sendast inn elektronisk via politiet sin nettside

Melde frå til politiet

Du skal melde frå til politiet når du har planar om eit arrangement på offentleg stad, eller om arrangementet er allment tilgjengeleg, ope for alle, t.d dansefestar, quizkveld og konsertar. Ut i frå arrangementet sin art og storleik vil politiet setje vikår for gjennomføring og vurdere behov for vakthald. 

Du må melde i frå minst to veker før arrangementet startar.

Melding sendast inn elektronisk via politiet sin nettside

Rettleiing

Treng du rettleiing? Ta kontakt med saksbehandler.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76