Serveringsløyve

Skal du starte eller overta ein serveringsstad, eller selgje mat frå en foodtruck eller ei matvogn, må du søke kommunen om serveringsløyve. 

Serveringslova

Lovas føremål er å sikre forsvarleg drift av serveringsstader av omsyn til næringa, gjestene og samfunnet elles. Lova skal bidra til å gi serveringsstader stabile og føreseielege rammevilkår og til å hindre illojal konkurranse. Lova gjeld etablering og drift av alle serveringsstader der det går føre seg servering av mat og/eller drikke, og der forholda ligg til rette for fortæring på staden.

Hovudkrav for å drive serveringsstad

  • Du må ha serveringsløyve frå kommunen før du kan starte drift.
  • Dagleg leiar må vere myndig (over 18 år), ha bestått etablererprøven, ha uklanderleg vandel.
  • Vandelskrav gjeld også for eigar/løyvehavar. Kommunen innhentar vandelsattest.
  • Drifta skal vere forsvarleg, følge reglar for hygiene, arbeidsmiljø og tryggleik. Hindre illojal konkurranse. 
  • Kommunen skal varslast ved endringar i drifta, m.a. byte av dagleg leiar, overdraging, opphør av drift og konkurs.

Serveringslova finn du her på lovdata.no

Om opningtider for serveringstader i Øystre Slidre kommune

Forskrift om opningtid for serveringsstader i Øystre Slidre finn du her på lovdata.no

Ein kan søke om den opningtida ein ønskjer for sin serveringsstad, det er kommunen som gjennom saksbehandling fastsett opningtid for kvar einskild serveringsstad.

Slik kan du søke om serveringsløyve

Du kan søke om serveringsløyve ved å nytte dette skjemaet.

Dersom du ønskjer å kunne skjenke alkohol på serveringsstaden, må du også søke om skjenkeløyve. Du kan søke om serverings- og skjenkeløyve i same skjema. Merk at nokre typar verksemder ikkje kan få skjenkeløyve, t.d. kiosk, gatekjøkken og bensinstasjon.

Vedlegg som må følge søknaden

Vedlegg skal du laste opp heilt til slutt i det elektroniske skjemaet. Du skal sende inn:

  • Firmaattest for verksemda som søker om serveringsløyve
  • Bevis for at dagleg leiar har bestått etablererprøven
  • Leigekontrakt for lokalet med skisse som viser lokala
  • Dersom søknaden gjeld overdraging av verksemd, må det sendast inn dokumentasjon på overdraginga

I nokre tilfelle treng vi fleire opplysningar. Da tek vi kontakt og etterspør det vi treng.

Når gir vi svar på søknaden?

Søknad om serveringsløyve blir normalt behandla innan 60 dagar. Saksbehandlingstida blir rekna frå det tidspunktet de har send oss alle dokument vi treng for å behandle søknaden.

Vi sender søknaden på høyring til politiet og Skatteetaten. Dersom høringsinstansane har merknader til søknaden, eller dersom de gjer endringar undervegs i søknadsprosessen, kan det ta lengre tid. Vi vil i så fall orientere om forseinkinga og når de kan forvente svar.

Mattilsynet

Alle som vil starte opp matbedrift, må melde frå til Mattilsynet på førehand.

Oversikt over krav frå Mattilsynet og informasjon om meldeplikta finn du på mattilsynet.no

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76