Etablererprøven for serveringsverksemd

Etablererprøven er ei obligatorisk prøve for dagleg leiar av serveringsstader i Noreg. Prøven skal sikre at du har nødvendig kunnskap om regelverket og grunnleggjande økonomistyring for å drive ein serveringsverksemd lovleg.

Kor og korleis blir prøven avlagt?

For å melde deg opp til etablererprøve, ta kontakt med kommunen. Kommunen har plikt til å halde prøven innan to månader etter mottatt melding. Vanlegvis kan vi halde prøver på kort varsel. Prøven tek du på kommunehuset.

Prøven er ein elektronisk fleirvalsprøve med 50 spørsmål, og du må ha minst 40 rette svar for å bestå. Du har 90 minutt på å fullføre prøven. Prøven er på norsk og det er ikkje lov med tolk. Einaste tillatne hjelpemiddel er norsk ordbok.

Når prøven er bestått får du eit diplom som stadfesting på bestått prøve.

Pensum til prøven

Etablererprøven tester kunnskap om økonomistyring og lovverk som er relevant for drift av sevreringsstader. Dette inkluderer serveringslova, skatte- og avgiftslovgivning, rekneskapslovgivning, konkurslovgivning, arbeidsmiljølova og alkohollova.

Serveringslova finn du her på lovdata.no

Læremateriell til prøven

Du kan kjøpe læremateriell til prøven om du ønskjer det. Nettportalen vinn.no tilbyr læremateriell i form av nettkurs, lærebøker og “test deg sjølv”-prøver for øving.  

På vinn.no kan du sjå oversikt over læremateriell og bestille det du ønskjer

Pris for prøven

Det kostar kr.400 per forsøk å ta prøven.

Når du skal ta prøven

Møt opp i god tid, ta med legitimasjon og ver godt førebudd.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76