For alle nydyrkingstiltak skal søkjar vurdere om nydyrkingstiltaket må konsekvensutgreiast. Du kan be kommunen om rettleiing om korleis du går fram med ei slik vurdering. Konsekvensutgreiinga må følgje anerkjend metodikk og utførast av personar med relevant fagleg kompetanse.
Nydyrking av myr er forbode. Det kan søkjast om dispensasjon frå forbodet. Kommunen kan i særlege tilfelle gi dispensasjon, viss eitt av tre alternative vilkår er oppfylt.
Nydyrking skal skje på ein måte som tek omsyn til natur- og kulturlandskap, inkludert biologisk mangfald, kulturminne og landskapsbiletet, samtidig som det skal leggjast vekt på å sikre driftsmessig gode løysingar.
Nydyrkingsarealet kan ikkje liggje i kantsona mot vassdrag. Då må det setjast igjen ein vegetasjonssone på minst seks meter mot vassdraget.
Søke om nydyrking
Det er digital søknadsløysing for nydyrking. Søknaden blir behandla digitalt av kommunen. Nødvendig rettleiing for søknadsprosessen finst i søknadsløysinga. Hugs å søkje i god tid før du set i gang med tiltaket. Du må ha godkjenning av planen for nydyrking før du lovleg kan setje i gang.
På nettsida landbruksdirektoratet.no finn du meir informasjon om nydyrking og lenkje til søknadsskjema
Treng du hjelp?
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknadar, plikter og rettar. Ta kontakt med saksbehandler.