Landbruksveg - byggingDu må søkje om godkjenning for nybygging og ombygging av landbruksveg. Du kan ikkje starte tiltaket før du har fått løyve frå kommunen.Når må du søke om bygging av landbruksveg?Bygging av nye vegar blir normalt handtert etter plan- og bygningslova. Bygging av landbruksvegar er eit unntak. Dette blir handtert etter landbruksvegforskrifta.Når den samla nytta av vegen som er knytt til landbruksverksemd er lik eller over 50 prosent, skal saka behandlast etter landbruksvegforskrifta og du kan bruke søknadsskjemaet frå landbruksdirektoratet.Når den samla nytta av vegen som er knytt til landbruksverksemd, er mindre enn 50 prosent, skal saka behandlast etter plan- og bygningslova og du må ta kontakt med kommunen din for eige søknadsskjema.Dette treng du ikkje å søke om godkjenning forOpparbeiding av oppstillingsplass for landbruksmaskiner til bruk på eigedommen eller enkle avkøyrsler frå godkjende landbruksvegarEnkle og mellombelse driftevegar som berre fører med seg uvesentlege terrenginngrepUvesentlege terrenginngrep er planering med samla omfang på inntil 150 meter eller på areal mindre enn 450 m², der fylling/skjering ikkje fører til meir enn 1 meter avvik frå opphavleg terrengnivå.Unntak er dersom tiltaket kan ha vesentleg negativ påverknad på naturmangfald, landskap, kulturminne, friluftsliv, omsyn til fare for flaum, erosjon og lausmasseskred, og andre interesser som blir påverka av vegframføringa. Då må du søkje godkjenning.Søk om bygging av landbruksvegPå nettsida landbruksdirektoratet.no finn du meir informasjon og søknadsskjema for bygging av landbruksvegSøknad med vedlegg sendast til kommunen, i e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no eller i ordinær post til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.Treng du hjelp?Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknad, plikter og rettar. Ta kontakt med saksbehandler. Publisert 13.11.2017 10.53 Sist endra 27.11.2025 15.14