Informasjon om løypebidrag og fakturering
I Øystre Slidre kommune har det gjennom mange år vore inngått utbyggingsavtalar mellom utbyggjarar og kommunen. Desse avtalane regulerer arbeidsfordelinga for vatn, veg, avløp, skiløyper og andre fellesgode i området. Kommunen samarbeider med Løypeforeininga for å finne gode løysingar for oppfølging av punkt som gjeld skiløyper og løypebidrag i avtalane.
I fleire utbyggingsavtalar er det fastsett at alle fradelte tomter skal betale årleg løypebidrag. Dette har i liten grad vore kravd inn, men vi set stor pris på dei frivillige innbetalingane som har kome. For å sikre god løypekøyring kvar vinter, få meir stabile inntekter og redusere tidsbruk på fakturering, vil kommunen ta over faktureringa for dei fleste tomtene der det er tinglyst plikt til å betale løypebidrag. Det fakturerte beløpet vil gå uavkorta til Beitostølen Løypeforeining.
Når rekninga er betalt, har du òg rett til å registrere deg i Løypeklubben og nyte fordelar på Beitostølen. Meir informasjon finn du på: https://beitolangrenn.no/tinglyst/
Har du fått rekning, men alt betalt frivillig?
Ta kontakt med Mina Haaverstad, e-post: mina.haaverstad@oystre-slidre.kommune.no
Har du spørsmål om tinglyst plikt eller ønskjer å tinglyse plikt til å betale løypebidrag?
Ta kontakt med Mina Haaverstad, e-post: mina.haaverstad@oystre-slidre.kommune.no