Beito barnehage Beito barnehage ligg i vakre omgivnader nær skogen og vatnet. Vi har 55 plassar i barnehagen fordelt på Eventyrstien og Konglekroken. Vi tek imot barn mellom eitt og fem år. Barnehagen er bygd i 2005, og har lyse og trivelege lokale med godt inneklima. Vi kan tilby Eit stabilt og godt kvalifisert personale Vi bruker aktivt naturen rundt barnehagen og legg vekt på å være mykje ute Eigen gapahuk Dei minste barna søv ute i sovekrybber/vogner heile året Brukarundersøkingar kvart andre år Høgskulen Innlandet har eit samarbeid med valdresregionen der målet er å auke kompetanse gjennom rettleiing av utviklingsarbeid. I Beito barnehage har vi valt utviklingsarbeid der fokus er relasjonsbygging vaksne - barn med spesielt fokus på utetida. Arbeidsmetoda ein nyttar i utviklingsarbeidet er aksjonsforskning der målet er å skape og studere endring i utviklingsarbeidet. Barna sine primære behov i barnehagen er: omsorg, tryggleik, respekt og å bli sett. Personalet har ansvar for å bidra til at barna får dekka desse grunnleggjande behova. Gjennom haldningsskapande arbeid og konkret handling, skal personalet, i samarbeid med heimane, skape eit trygt, inkluderende og stimulerande barnehagemiljø som skapar trivsel. Visjon for Beito barnehage: "Det unike mennesket i fellesskapet". Samarbeidsutval Beito barnehage 2024/25 Samarbeidsutval Beito barnehageRolleNamnTlf.LeiarTrond Storrusten99237558VaraAndreas Rindal93849758Tilsette repr.Hanne Hagen Steinsrud90968256Tilsette repr.varaKristin Heggom90602189Eigar repr.Heidi Anette Håvi Pettersen99380495Eigar repr. varaSivert Holmen90038860 Sist endra 10.01.2025 10.59