Vedtak
Kommunestyret vedtek reguleringsplan for detaljregulering for Liahaugstølen slik det går fram av vedlagt plankart og vedlagte føresegner og plandokument dagsett 15.09.2023. Vedtaket er gjort i medhald av plan og bygningslova § 12-12.
Behandling
Bente Oxhovd (H) og Tor Oxhovd opplyste at dei er medeigarar i selskap som er utbyggar i planområdet , og bad om å få vurdert sin habilitet. Kommunestyret fann Bente Oxhovd (H) og Tor Oxhovd (H) inhabil i saka. Tord Rogne og Terje Steinsrud møtte som vararepresentantar.
Mats Gimming Myhre (SV) la på vegne av SV og Venstre fram følgjande framlegg til vedtak:
Reguleringsplanen for Liahaugstølen vert ikkje vedteken. Kommunestyret ber administrasjonen lage ein handlingsplan for restaurering av heile slåttemyra på Hagastølen.
Tor Skattebo (Sp) la fram følgjande forslag til endring av nest siste setning i 2. avsnitt i punkt 4.1 i planomtalen (side 32.):
«Innenfor FBK 1-3 legges det opp til at det kan bygges inntil 40 nye fritidsboliger».
Mats G. Myhre bad om gruppemøte.
Ordføraren la opp til følgjande avrøysting.
Forslaget om endring av planomtalen frå Tor Skattebo vart røysta over først.
Etter det vart forslaget frå Mats G. Myhre sett opp mot tilrådinga frå formannskapet. Kommunestyret slutta seg til dette.
Forslaget frå Tor Skattebo fekk 6 røyster (6 Sp) og fall.
Forslaget frå Mats G. Myhre fekk 7 røyster (2 Sp, 3 Sv, 2 V) og fall.
Tilrådinga frå formannskapet fekk 14 røyster (4 Sp, 6 Ap, 4 H) og vart vedteke.