Arealdelen til kommuneplanen på høyring - ny høyringsfrist

Arealdelen av kommunedelplanen er no lagt ut på høyring. Det har kome fleire ønske om å få noko meir tid til å kome med innspel til arealdelen av kommuneplanen. Vi har på den bakgrunn uttsett høyringsfristen til 1.mai 2024.

Høringsdokumenta

Høyringsdokumenta er lagt ut på kommunen sin nettside under punktet høyring/ettersyn.

Høyring av arealdelen til kommuneplanen 2024-2036

Møtepunkt

Arealplanleggjarar vil etter avtale vere tilgjengelege for spørsmål om kommuneplanen sin arealdel måndagar og onsdagar frå kl.11.00 - 15.00 i høyringsperioden (ikkje onsdag 27.mars). Ved konkrete spørsmål, ber vi om at spørsmåla, med gards- og bruksnummer, blir sendt til planleggjar på førehand. Det same gjeld konkrete spørsmål om plankart.

Førespurnad om avtale og konkrete spørsmål kan sendast i e-post til:

 tosa@oystre-slidre.kommune.no

 tore.ostlund@oystre-slidre.kommune.no

Høyringsfrist

Høringsfristen er 1.mai 2024.
 

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00