Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2347 bekrefta frå Statsforvalteren i Innlandet at feilen som oppsto på mobilnettet laurdag kveld er retta

Aksjon mot lupin på Beitostølen

Faren for spreiing av lupin opp i høgfjellet må takast på alvor. Ein aksjon, for å redusere omfanget av lupin på Beitostølen, er viktig for å møte denne trugselen.

Sidan tidleg på 1900-talet har det vore ein gradvis utvikling av førekomsten av lupin. Etter tusenårsskiftet har denne utviklinga eskalert, og lupin dekker no store deler av Noreg.

På Beitostølen og mot Gardli finst sandlupin (Lopinus nootkatensis) langs fv. 51. I tillegg finst hagelupin (Lupinus polyphyllus), som også kan dominere innover i hyttefelta. Artane har svært stor økologisk risiko (Artdsdatabanken.no).

Statens vegvesen hadde ansvaret for vegarealet frå 2012 og fram til 2020. Etter det har fylkeskommunen vore vegeigar. Det har vore kraftig auke av lupinførekomsten i perioden 2012 - 2023. 

Lupinbestandane på Beitostølen utgjer no ein stor risiko for fjellområda, fordi det ikkje finst naturlege barrierar for naturleg spreiing innover vidder og høgfjell.

Samordna tiltak

Innlandet fylkeskommune, samferdselsavdelinga og Øystre Slidre kommune vil samordne tiltak mot lupinbestandar på Beitostølen. Målet er å hindre videre spreiing innover fjellområda og svekke eksisterende bestandar.

Fylkeskommunen tek anvar for tiltaka langs fykesveg og gang- og sykkelveg, kommunen skal koordinere og gjennomføre tiltak på andre areal. Oppgåva er stor, og skal vi lukkast er vi avhengige av å få med hytteeigarar til å bidra til aksjonen. Det blir utarbeidd ein skjøtselsplan med tiltak mot lupin langs fv.51, og parallelt ein plan for å prioritere områder ut over dette med søkelys på tilgrensande areal til fv.51 og yttergrenser for bestandsutviklinga.

Utfordringa

Den største utfordringa med å svekke bestandar av lupin er at frøa er levedyktige i jorda i fleire ti-år. Det betyr at eit frø kan liggje i “kvile” i jorda (frøkvile) i over 50 år før det spirer. Ei anna utfordring er at plantene vil utvikle frø dersom dei kjem i blomst. Dei viktigaste tiltaka er derfor å svekke plantene og hindre at dei blomstrar. Samordning av tiltak i tid og rom er viktig, både langs og utanfor vegareal.

Evaluering av lupinaksjonen

Det blir lagt ut opp til evaluering av aksjonen undervegs. Det skal og vere søkelys på metodetilpassing og metodeutvikling. Kommunen har dialog med aktuelle hytteforeiningar i området.

Informasjon om lupin

God informasjon om lupin kan du lese her på FAGUS si nettside

Slik kan du bidra til å hindre spreiing av lupin

  • Ikkje plant lupin på eiga tomt.
  • Ikkje flytt på lupininfisert jordmasse.
  • Ikke del planter med andre (bustad-/hytteeigarar).
  • Blomstrande planter må handterast som om det er frø.
  • Planter/røter skal leverast på miljøstasjon i lukka plastsekk, NB dette er restavfall, ikkje hageavfall.
  • Arbeidsreiskap og sko skal reingerast etter bruk.

Fjerne lupin

  • Luking/oppgraving - aktuelt når det er få planter.
  • Slått før frøsetting med ljå, grastrimmar, grasklippar eller traktor. 2 (3) gonger i vekstsesongen i inntil 5 år, deretter ved behov.
  • Sprøyting - må utførast av person med godkjent lisens.

Kontakter

Fylkeskommunen Innlandet, samferdselsavdelingen:
Ingvild Meggelæ Irgens, telefon 905 28 713, e-post: ingirg@innlandetfylke.no

Øystre Slidre kommune:
Mina Synnøve Blom Haaverstad, telefon 481 83 453, e-post: mina.haaverstad@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Mina Haaverstad
Rådgjevar
E-post
Telefon 48 18 34 53