Vi er særleg interesserte i å få kartlagt kva friluftsområde og nærområde barn og unde brukar. Men også vaksne sin bruka av slike områder ønsker vi å få meir informasjon om.
Vi er ute etter informasjon om:
- Kven som brukar områda (barn, ungdom og vaksne sin bruk av nærmiljøet)
- Kva vert området brukt til (f.eks. turgåing, leik/aktivitet, ski, sykkel o.l.)
- Kor ofte vert turområde, leik/aktivitetsareal, skiløypa m.v. brukt
- Korles er det lagt til rette for bruk (f.eks. tilrettelagt for aktivitet/leik, merka stiar/løypar, rastaplassar etc.)
- Har området spesielle attraksjonar (kulturminne, spesielle naturverdiar, utsiktspunkt o.l.)
Barn og unge si tilbakemelding
Vi er spesielt interessert i barn og unge si tilbakemelding, og håper dei vaksne i familiane kan hjelpe barn og unge å legge inn informasjon om sin bruk av områda.
Slik registrerer du din informasjon
Du legg inn informasjon om bruken av nærmiljøet og friluftsområdet i kommunen via digitalt skjema som heter “kartlegging av miljøkvaliteter”. Her finn du skjemaet
I skjemaet ligg det informasjon om korleis du kan legge inn di tilbakemelding.
Det er mogleg å legge inn 5 forslag per kategori i spørjeundersøkinga. Det er ikkje mogleg å legge inn forslag for meir enn ein kategori om gongen, så om ein ynskjer å legge inn for eksempel både eit område og ein stad må ein levere skjema to gonger.
Treng du hjelp til utfyllinga, ta kontakt med kommuna.
Svarfrist
Portalen er ope i tidrommet 12. - 30.april 2024.
På førehand mange takk for ditt bidrag!
Jostein Aanestad Tone Snortheim
kommunedirektør Tenesteleiar næring, plan og byggsak