Vil du heidra ein Øystreslidring?

Øystre Slidre kommune vil gjerne heidre nokon som utmerkar seg særskilt.

Det kan vere person(ar) eller lag, som nyttar tid og evner til å skape det positive mangfaldet, som utgjer kultur- og næringslivet i kommunen.

Prisar

Dersom det er kandidatar som utpeikar seg, kan det kvart år delast ut frivilligpris, kulturpris, ungdomspris og næringspris.

Retningsliner for utdeling av prisar

Retningsliner for utdeling av prisar i Øystre Slidre kommune finn du her (PDF, 50 kB)

Send inn ditt forslag til kandidatar

Send ditt forslag på kandidatar i ein e-post til post@oystre-slidre.kommune.no 

Frist for innsending er 30. mai 2024

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00