Delar av kommunen med redusert eller ingen mobildekning

Frå Statsforvaltaren i Innlandet har kommunen fått melding om at det er sterkt redusert til ingen mobildekning i spreidde område rundt Bygdin, Vinstre, Beitostølen og Rabalen.

Råd til brukarar (frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet):
•    Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i et område er det mogleg å ringe nødnumra via roaming hjå andre operatørar som har dekning
•    Dei fleste med trådlaust breidbånd kan ringe med WIFI tale
•    Alternativ vil vere å bevege seg til et område som har mobildekning

Kommunen vil fortløpande vurdere tiltak for å trygge sårbare brukarar. 

Meldinga er publisert 29. april kl 21.10, og vil bli oppdatert.

Informasjon om SvarUT

Øystre Slidre kommune nyttar SvarUt slik at du kan få elektronisk post på ein trygg og enkel måte. Her finn du litt informasjon om korleis tenesta verkar og korleis du oppretter eiga postkasse om du ikkje har gjort det enno.

SvarUT