Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2347 bekrefta frå Statsforvalteren i Innlandet at feilen som oppsto på mobilnettet laurdag kveld er retta

Innsatsteam for barn og unge

Nokon barn og unge har det ikkje alltid så lett. Familiar kan av og til oppleva utfordringar i kvardagen. Kanskje treng dei litt ekstra oppfølging eller hjelp. Då kan det vere fint å ha ein prat om utfordringane og bekymringane. Innsatsteamet er eit lågterskeltilbod som kan bidra i slike høve. Målet med innsatsteamet er å sikre tidleg og riktig tiltak for barn, unge og deira familiar. Målgruppa er familiar som ventar barn og/eller har barn og ungdom i alderen 0-18 år.

Innsatsteamet er eit tverrfagleg samansett team med faste deltakarar frå ulike fagområde, med ulik kunnskap og erfaring.

Innsatsteamet består av representant frå:

  • Kommunepsykolog
  • Helsestasjon/skulehelsetenesta
  • Helsestasjonslege
  • Psykisk helseteneste
  • Skule
  • Barnehage
  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
  • Barneverntenesta
  • Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP)
  • Ved behov kallast andre samarbeidsinstansar inn.

Leiande helsesjukepleiar Mimmi Rudi er leiar for Innsatsteamet.

Foreldre og barn over 16 år kan sjølv søke teamet om hjelp. Barnehage, skule og andre samarbeidsinstansar kan også bistå med søknad. Innsatsteamet har møter andre måndag i kvar månad. Søknad skal leverast minst to veker før møtet. 

Søknadar skal sendast til: Øystre Slidre Helsestasjon v/Mimmi Rudi, Bygdinvegen 2136, 2940 Heggenes

Saksgang

  • Søknad vert presentert i Innsatsteam.
  • Forslag på tiltak drøftast.
  • Koordinator og samarbeidande instansar vert valt.

Koordinator tek kontakt med familien for vidare oppfylging.

Kontaktinfo

Mimmi Rudi
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 61 35 24 90
Mobil 91 32 40 79