Delar av kommunen med redusert eller ingen mobildekning

Frå Statsforvaltaren i Innlandet har kommunen fått melding om at det er sterkt redusert til ingen mobildekning i delar av landet, herunder Øystre Slidre.

Råd til brukarar (frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet):
•    Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i et område er det mogleg å ringe nødnumra via roaming hjå andre operatørar som har dekning
•    Dei fleste med trådlaust breidbånd kan ringe med WIFI tale
•    Alternativ vil vere å bevege seg til et område som har mobildekning

Kommunen vil fortløpande vurdere tiltak for å trygge sårbare brukarar. 

Krisesenter

Beskriving

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte 
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine. 
    Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde 
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.

Krisesenter er ei lovpålagt teneste.

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

Målgruppe

Kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

Oppdatert

29.09.2017 09:29:40

Kontaktinfo

Interkommunalt krisesenter
Telefon 48 27 76 29

Hallingdal krisesenter. Opent heile døgnet - heile året. Senteret har egen avdeling for menn.