Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukarar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, ev. pårørande, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.
Måla med pakkeforløp for psykisk helse og rus er:
- Auka brukarmedverknad og meir tilfredse brukarar
- Samanhengande og koordinerte pasientforløp
- Unngå fagleg ugrunna ventetid for utdredning, behandling og oppfølging
- Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kvar i landet dei bur
- Betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar
Dei tre første pakkeforløpa er lansert i september 2018, og tas i bruk frå 2019.
Pasientar kan tilvisast til følgjande pakkeforløp frå 01. januar 2019:
- Utredning og behandling i psykisk helsevern, vaksne.
- Utredning og behandling i psykisk helsevarn, barn og unge.
- Tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Pasientar kan tilvisast til følgjande pakkeforløp frå 15.februar 2019:
- Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar
- Utredning og behandling av tvangsliding (OCD)
- Spiseforstyrringar hos barn og unge
Det vil også komme pakkeforløp for gravide og rus og eit samhandlingsforløp psykisk helse/rus-barnevern i løpet av 2019.
Meir informasjon finn du på nettsiden til Helsedirektoratet - Pakkeforløp for psykisk helse og rus.